Harald Norvik – en målrettet lederDå isfjellet vaks til ein «mong»

Frå Norol til Statoil

text_format
Norol blei i 1976 etablert som eit sjølvstendig, statleg distribusjonsselskap for petroleumsprodukt. Drygt ti år etterpå var Norol blitt eit heileigd dotterselskap av Statoil. Hadde det etter kvart blitt forventa at Statoil ville overta Norol?
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Erling Øverland erstattar Norol-logoen med logoen til Statoil. Foto: Leif Berge/Equinor

Då Norol på tampen av året 1976 blei skipa som eit statleg norsk distribusjonsselskap for petroleumsprodukt, eigde Statoil 15 prosent av aksjane. Frå 1. januar 1988 var Norol heileigd av Statoil. Det var framleis organisert som eit dotterselskap med eige styre, men var like fullt utelukkande Statoil sitt distribusjonsselskap under Norol-kjennemerket. Seinare blei Norol-logoen endra til Statoil-logoen. Endringa av Norol sin eigarstruktur skjedde gradvis og gjennom tre ulike stortingsvedtak, høvesvis våren 1978, hausten 1979 og desember 1987. Dei utløysande faktorane bak endringsviljen rundt Norol, var i fyrste omgang dårleg økonomi og ein organisasjon som ikkje var heilt optimal.

For mange sprikande årer i ei stri elv

Logoen til Norol.

Per Borten (Sp) uttalte i 1971 at å styre ei mindretalsregjering var litt som å bære staur – dei sprikte i alle retningar.[REMOVE]Fotnote: https://www.youtube.com/watch?v=V00yW1sY9ws Lasta ned 11. mai 2022. Å styre eit selskap som Norol hadde visse fellestrekk med denne metaforen. Norol var eigd av meir enn fire forskjellige selskap, i tillegg til staten. Direktør i Norol, Jan T. Bjerke, kalla styremøta dei fyrste åra for «meget interessante med synspunkter som ble kastet inn fra forskjellige grupperinger».[REMOVE]Fotnote: «20 år som oljenasjon» av adm. direktør Jan T. Bjerke i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 13. Direktør i Statoil, Arve Johnsen, var mindre diplomatisk og kalla Norol-styret med sine fjorten representantar for «tungrodd og lite beslutningsdyktig».[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo. 1990, s. 60. Kanskje kan ein seie at det var for mange årer som samtidig, og tidvis sprikande, skulle styre Norol. Dette gjaldt ikkje berre i styrerommet. Ei av utfordringane til det nyetablerte selskapet var at det hadde for mange tilsette. Det hadde òg for mange ulønsame bensinstasjonar, særleg i grisgrendte strøk.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78) Om styrking av driftsgrunnlaget for Norsk Olje a.s, s. 3. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1977-78&paid=2&wid=b&psid=DIVL776

Desse utfordringane blei delvis løyst utover 1970-talet. Frå 1976 til 1979 blei talet på tilsette i Norol redusert frå 1080 til ca. 800 personar. Dette blei gjort utan at nokon blei sagt opp, gjennom naturleg avgang eller tilbod om jobb innanfor eit av eigarselskapa.[REMOVE]Fotnote: «Perioden 1976 – 1979» i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 35. Vidare blei talet på bensinstasjonar redusert, særleg der Norol, som eit fusjonert selskap, enda opp med å ha to bensinstasjonar ved sida av kvarandre.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 10 og St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 2 (1979-80), s. 5. Andre blei lagt ned fordi det ikkje fanst grunnlag for vidare drift.[REMOVE]Fotnote: «Perioden 1980 – 1984» i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 48.

Medan Norol rasjonaliserte heime, fanst det utfordringar ute.

Oljemarknaden er internasjonal med mange faktorar som er utanfor nasjonal kontroll. Norol hadde høg gjeld i utlandet og sidan selskapet i stor grad tente pengar i Noreg – med norske kroner, var dei svært sårbare for valutaendringar.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 11. Denne sårbarheita var særleg knytt til Norol sin eigardel i raffineriet på Mongstad.

Skilt ved Mongstad. Foto: Øyvind Hagen

Mongstad-raffineriet var mykje mindre nedbetalt enn konkurrerande raffineri, og var dessutan etablert i ein periode med for mange raffineri i Vest-Europa. Det hjelpte heller ikkje at det tok tid å få opp oljeforbruket etter ein knekk tidleg på 1970-talet.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 6 og 7 og «20 år som oljenasjon» av adm. direktør Jan T. Bjerke i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 7. Olje- og energidepartementet meinte at denne gjelda ville bli mindre tyngande for Statoil som i større grad handla i utanlandsk valuta og som med betre likviditet, i større grad kunne få langsiktige lån.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 16 og 17. Kunne Norol sine problem løysast ved at Statoil overtok raffineriet på Mongstad?

Mongstad frå Norol til Statoil?

Våren 1978 var det klart at dei borgarlege partia hadde fått rett i sine spådommar frå etableringa av Norol i 1976.[REMOVE]Fotnote: Innstilling S. nr. 349 (1977-78) Innstilling fra industrikomitéen om styrking av driftsgrunnlaget for Norsk Olje A/S (Norol), s. 7 til 10. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1977-78&paid=6&wid=aI&psid=DIVL2401 Og Stortingsforhandlingar, 5. juni 1978, s. 3503. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1977-78&paid=7&wid=a&psid=DIVL382&pgid=c_0805&vt=c&did=DIVL92 Selskapet hadde gått med underskot kvart år frå det blei etablert og trengte å utvide eigenkapitalen sin. Dei mindre aksjonærane, Saga Petroleum, Norsk Hydro og NKL, hadde gjort det heilt klart at dei ikkje ville bidra med ytterlegare kapital.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 13.

Forslaget frå Olje- og energidepartementet, ved statstråd Bjartmar Gjerde, gjekk altså ut på at Norol sine aksjar i raffineriet på Mongstad skulle overførast frå Norol til Statoil. Departementet si vurdering var at dette var den beste løysinga for å sikre Norol sin framtidige økonomi. Ved å kvitte seg med den største gjeldsposten og den største valutarisikoen, ville selskapet stå sterkare rusta i framtida. Det opna dessutan for at selskapet i større grad kunne konsentrere seg om si kjerneverksemd: marknadsføring og sal av petroleumsprodukt.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 142 (1977-78), s. 16 til 19.

Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre meinte derimot at dersom Norol selte sin del av Mongstad-raffineriet til Statoil ville det svekke selskapet sine framtidige utviklingsmoglegheiter og gjere Norol til eit mindre fritt distribusjonsselskap som i praksis var underlagt Statoil. Dei borgarlege partia meinte dessutan at det burde gjennomførast ein meir prinsipiell debatt om den framtidige organiseringa av den statlege raffineringa og oljedistribusjonen, noko dei òg hadde etterlyst då Norol blei skipa.[REMOVE]Fotnote: Innstilling S. nr. 349 (1977-78), s. 10.

Det var dei borgarlege partia sine argument som vann fram i Stortinget. Arbeidarpartiet sitt forslag om å overføre Mongstad frå Norol til Statoil falt.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 5. juni 1978, s. 3521.

Arvid Johanson (Ap) såg i løpet av stortingsdebatten kva for ein veg det bar og la derfor fram eit subsidiært, alternativt, forslag, nemleg at Norol skulle få tilført 300 millionar i ansvarleg lånekapital. Forslaget fekk fleirtal og sikra Norol framtidig drift.

Norol-tankbil. Foto: ukjent/Riksarkivet

Minst like viktig var formuleringa som Johanson hadde laga saman med direktør i Statoil, Arve Johnsen, og statsråd Bjartmar Gjerde: «Regjeringen bes legge spørsmålet om den endelige organisasjonsform for Norsk Olje A/S fram for Stortinget. Siktemålet er at dette selskapet styrker sin stilling som markedsføringsorgan i en nærmere samordning med Den norske stats oljeselskap (Statoil).»[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 5. juni 1978, s. 3515 og Johnsen, s. 63 og 64. Denne ordlyden blei ein del av forslaget til vedtaket, og ved å godkjenne det la Stortinget føringar for eit tettare samarbeid mellom Norol og Statoil.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 5. juni 1978, s. 3521.

Frå 15 prosent til aksjemajoriteten

Norol hadde eit ekstraordinært overskot i 1979, men eigenkapitalen var framleis alt for låg for eit såpass stort selskap, meinte Olje- og energidepartementet.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 2 (1979-80) Organiseringen av Norsk Olje a.s og statens engasjement innenfor markedsføring av petroleum, s. 6. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1979-80&paid=1&wid=b&psid=DIVL2147 Departementet ville som ein konsekvens av det utvide Norol sin aksjekapital med 200 millionar kroner og dessutan endre eigarstrukturen i selskapet. Dei mindre aksjonærane – alle utanom Statoil og staten – hadde nemleg signalisert at dei heller ikkje denne gongen var interesserte i å bidra med meir kapital. Dei ville tvert imot selje sin del av Norol.[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo. 1990, s. 94. Dette ville gjere selskapet enklare å styre og meir effektivt. Det opna dessutan for at talet på representantar i styret og bedriftsforsamlinga kunne reduserast.[REMOVE]Fotnote: «20 år som oljenasjon» av adm. direktør Jan T. Bjerke i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 13 og St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 2 (1979-80), s. 10 og 11. Departementet ynskte at Statoil skulle få teikne dei nye aksjane i Norol.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 2 (1979-80), s. 3.

Kort sagt ville departementet nytte seg av formuleringa frå vedtaket i 1978, formuleringa som opna for «en nærmere samordning med Den norske stats oljeselskap (Statoil)». Tanken var å gjere Norol til eit dotterselskap av Statoil, samtidig som at Norol framleis skulle ha eit eige styre og eige resultatansvar.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 2 (1979-80), s. 3 og 8. Arbeidarpartiet meinte at eit tettare samarbeid mellom Statoil og Norol ville vere ein konkurransefordel for Norol, med tanke på at dei konkurrerande selskapa, Esso og Shell, hadde store oljeselskap i ryggen.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 27. november 1979, s. 1132. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1979-80&paid=7&wid=a&psid=DIVL575&pgid=a_1249&vt=a&did=DIVL723  

Dei borgarlege gjentok argumenta frå 1978, om at den nye eigarstrukturen ville bryte med den uavhengige strukturen Norol hadde vore tiltenkt i 1976. Men til forskjell frå 1978 såg dei Norol som eit selskap med lyse framtidsutsikter. Kanskje kunne selskapet med den noverande eigarstrukturen og dei gode prognosane om litt klare å tiltrekke seg private investorar. Selskapet ville då i større grad samsvare med det dei borgarlege partia hadde sett for seg då selskapet blei skipa i 1976.[REMOVE]Fotnote: Budsjett-Innst. S. nr. 8 (1979-80) Instilling fra industrikomitéen om bevilgninger på statsbudsjettet for 1980 vedkommende Industridepartementet og Olje- og energidepartementet, s. 23. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1979-80&paid=6&wid=aII&psid=DIVL50 Særleg Høgre såg dette som ei god moglegheit.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 27. november 1979, s. 1129. Arbeidarpartiet meinte derimot at det ville vere vanskeleg. Med tanke på at alle småaksjonærane nå trakk seg ut av selskapet, såg dei det nærmast som umogleg at private investorar skulle vise interesse for Norol.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 27. november 1979, s. 1132.

Norolbygget i Oslo. Foto: Øyvind Hagen/Equinor

Arbeidarpartiet hadde ikkje fleirtal i Stortinget åleine, men var avhengig av støtte frå minst eitt anna parti. Noko overraskande fann partiet støtte i Sosialistisk Venstreparti. Då Norol blei skipa i 1976, stilte Sosialistisk Venstreparti som krav for si støtte at selskapet skulle vere uavhengig av Statoil. Berre tre år seinare hadde partiet altså endra meining. Det var fleire sider ved strukturendringa som tiltalte Sosialistisk Venstreparti denne gongen. Partiet var positiv til at selskapet nå ville bli heileigd av staten og at staten ville ha god kontroll med selskapet gjennom Statoil si generalforsamling. Det viktigaste argumentet var kanskje likevel at dette var noko som dei tilsette i både Norol og Statoil var positive til.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 27. november 1979, s. 1175 til 1176.

Etter voteringa hadde Stortinget med knappast mogleg fleirtal vedteke at staten skulle løyve om lag 85 millionar kroner til å kjøpe ut dei mindre småaksjonærane i Norol. Vidare blei det vedteke å utvide Statoil sin aksjekapital med 210 millionar kroner som skulle brukast til å kjøpe aksjar i Norol.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 27. november 1979, s. 1182 til 1183. Norol blei eit dotterselskap av Statoil, og Statoil hadde gått frå å eige 15 prosent til å ha aksjemajoriteten med over 70 prosent av aksjane.

Hundre prosent

Allereie då Industridepartementet[REMOVE]Fotnote: Dette var før Olje- og energidepartementet blei skipa. i 1975/76 arbeidde for å få skipa eit norsk, statleg oljedistribusjonsselskap, var det klart at arbeidarpartiregjeringa aller helst såg at Statoil skulle bli det som dei kalla for eit integrert oljeselskap, altså eit selskap som dreiv med alt frå seismikk til marknadsføring. Det fanst det ikkje støtte for i Stortinget – den gongen. Kanskje var det ein tanke som hadde behov for å mognast over tid.

I 1987 la arbeidarpartiregjeringa, ved Olje- og energidepartementet, fram eit forslag om at staten, for 400 millionar, skulle selje sine resterande aksjar i Norol til Statoil. Bakgrunn for ynskje om sal var for det fyrste at eigarforholdet i Noreg då ville samsvare med det som då fanst i Danmark og Sverige, der Statoil hadde kjøpt opp Esso sitt distribusjonsnett og nå dreiv marknadsføring med heileigde dotterselskap. For det andre blei effektivisering og ryddige arbeidsforhold trekt fram som ein fordel, og for det tredje argumenterte regjeringa for at staten likevel ville kunne kontrollere Norol gjennom Statoil si generalforsamling. Departementet stilte som krav at saka skulle avklarast innan utgangen av 1987, for at prisen skulle vere 400 millionar. Vidare kravde departementet at Norol framleis skulle vere eit sjølvstendig dotterselskap.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 24 (1987-88). Salg av statens aksjer i Norsk Olje a.s, s. 2. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1987-88&paid=2&wid=a&psid=DIVL730

Då saka kom opp i Stortinget den 16. desember 1987 var det berre Høgre og Framstegspartiet som var negative til saka. Høgre ville vente og Framstegspartiet meinte at Norol-aksjane heller burde leggast ut for sal på den private marknaden. Då dette forslaget falt, stemte dei likevel for regjeringa sitt forslag. Motivasjonen for det var å tilføre statskassen 400 millionar kroner – pengar som Statoil skulle låne for å kjøpe Norol-aksjane. Forslaget fekk med det fleirtal i Stortinget. Som Energi- og industrikomiteen sin ordførar for saka, Inger Lise Gjørv (Ap), sa, var det ikkje nokon automatikk at Norol nå skulle bli 100 prosent eigd av Statoil, men for fleirtalet i Energi- og industrikomiteen, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, var avgjerda udramatisk.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 16. desember 1987, s. 1802 til 1804 og s. 1797. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1987-88&paid=7&wid=a&psid=DIVL14&pgid=b_0335&vt=b&did=DIVL78 Kanskje kan ein seie at det var ein del av ei – etter kvart – forventa utvikling.

Frå Norsk Olje a.s. til Statoil Norge a.s.

Inger Lise Gjørv (Ap) uttalte under debatten i 1987 at Norol-logoen kanskje etter kvart ville blir erstatta med Statoil-logoen, ei utvikling som «trolig også ville komme av seg selv». Uniformeringa ville då bli den same som på Statoil sine stasjonar i Danmark og Sverige. Ho understreka samtidig at ei endring av varemerke ikkje var noko som hasta. Inger Koppernæs (H) var derimot ikkje særleg positiv til ei slik namneendring og viss ei slik endring skulle skje, meinte ho at det var opp til styret i selskapet.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 16. desember 1987, s. 1798 og 1799.

Dei fekk rett begge to. Hausten 1989 vedtok Norol sitt styre at Norsk Olje a.s. skulle skifte namn til Statoil Norge a.s. Selskapet skulle framleis vere eit sjølvstendig dotterselskap og ikkje ein fullstendig del av Statoil, men Norol-kjenneteiknet og Norol-fargane skulle nå erstattast med Statoil-logoen. Endringa skjedde i løpet av våren 1991.[REMOVE]Fotnote: «Perioden 1980 – 1984» i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 56-57. Fyrst då blei det synleg at Statoil hadde overteke Norol – sjølv om overtakinga hadde skjedd gradvis over fleire år.

Fotnoter

    Relevante artikler

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *