Frå husmann til husbondsrettStatfjord og informasjon til Stortinget

Oljedistribusjon i raudt, kvitt og blått

text_format
Korleis skulle norsk oljepolitikk sjå ut? Trengte ein oljenasjon eit statleg styrt distribusjonsselskap? Ja, meinte Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Nei, meinte Høgre og Anders Langes Parti, medan mellompartia plasserte seg ein stad midt imellom.
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Målet med å etablere Norol var at Noreg skulle ha ein integrert oljepolitikk. Skjermdump fra 70 år: 1920-1990

På midten av 1970-talet var Noreg ein fersk oljenasjon. Store felt, som Ekofisk og Statfjord, var funne og det var så vidt sett i gang oljeproduksjon på norsk sokkel. Den norske stats oljeselskap, Statoil, var etablert. Det same var Oljedirektoratet. Mange sider av norsk oljepolitikk var debattert og definert, men fleire stod att.

Den 6. januar 1976 kl. 11 møttest Stortinget for å diskutere «Innstilling fra Industrikomiteen om kjøp av Norsk Brændselsolje A/S, A/S Norske Oljekonsum/Norske OK og Norsk Hydro A/S seksjon for markedsføring i Norge […].»[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 254, 6. januar 1976, s. 1975. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1975-76&paid=7&wid=a&psid=DIVL476&pgid=b_0409&vt=b&did=DIVL70 Spørsmålet var altså om staten skulle kjøpe opp dei nemnte selskapa for å etablere eit statleg oljedistribusjonsselskap.

Det var venta at forslaget frå arbeidarpartiregjeringa ville få fleirtal, med støtte frå Sosialistisk Venstreparti.[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 6. desember 1975. Nasjonalbiblioteket. Trass i at saka følgjeleg på mange måtar var avgjort på førehand, varte stortingsforhandlingane, med unntak av tre timar pause, frå kl. 11 til kl. 23. Det var 38 stortingsrepresentantar som uttalte seg gjennom dagen og kvelden, i over 90 innlegg og replikkar.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget, 6. januar 1976.

Industridepartementet, som stod bak forslaget, hadde allereie inngått rammeavtaler med dei ulike selskapa – ferdige pakkar så å seie. Det einaste som mangla for at avtalane skulle vere i orden var Stortinget sitt samtykke.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 20 (1975-76) Kjøp av Norsk Brændselsolje A/S, A/S Norske Oljekonsum/Norske OK og Norsk Hydro a.s’ seksjon for markedsføring i Norge, s. 4. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1975-76&paid=2&wid=a&psid=DIVL513 Industriminister Ingvald Ulveseth (Ap) understreka at dei borgarlege partia ikkje berre kunne kjøpe delar av pakken, men måtte kjøpe heile eller la vere.  Dette er hovudgrunnen til den lange debatten.

Den mislikte pakkeløysinga – prinsippdebatten

Dersom ein les gjennom stortingsforhandlingane frå den 6. januar 1976 vil ein sjå at ord som prinsipp, prinsipiell debatt og prinsippdebatt er nemnt av fleire stortingsrepresentantar på borgarleg side. Medan Carl I. Hagen på vegne av Anders Langes Parti (ALP) uttrykte at dette var noko partia burde klare å ta stilling til utan ein større diskusjon, meinte både Høgre og mellompartia – Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet at Arbeidarpartiet burde ha invitert til ein debatt der det var rom for å diskutere breiare korleis den norske oljepolitikken skulle utformast. Trengte Noreg eit distribusjonsselskap? Måtte det vere statleg? Korleis skulle det eventuelt organiserast?

Stortingsrepresentantane på borgarleg side syns det var frustrerande at regjeringa la fram ein ferdig pakke som Stortinget måtte akseptere i sin heilskap eller la vere å godkjenne. Mellompartia kunne til dømes godt tenke seg å gjennomføre eit såkalla heimkjøp, altså kjøpe heim dei britiske BP-aksjane, men ville derimot ikkje at dei private norske aksjane skulle kjøpast av staten.

Fleire av dei borgarlege representantane syns dessutan at dei hadde fått for lite tid til å gjere eigne undersøkingar. Stemte det som Ulveseth sa at BP berre ville selje dersom dei norske eigarane gjorde det same? Og var det sant at dei private eigarane ikkje var interesserte i å behalde aksjane sine i NBII dersom staten eigde 50 prosent av aksjane – noko staten ville dersom den kjøpte BP-aksjane?

Både Høgre og mellompartia la kvar for seg fram alternative forslag til det som regjeringa hadde lagt fram. Graden av statleg kontra privat eigarskap og norsk kontra utanlandsk eigarskap varierer i dei ulike forslaga til vedtak.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 258, 6. januar 1976.

Frå internasjonale oljeselskap til statleg kontroll

På spørsmålet om korleis NBII burde organiserast fanst det fleire svar: Frå Sosialistisk Venstreparti som på den eine sida ville ha mest mogleg statleg involvering, til Anders Langes Parti som ikkje såg behov for eit norsk distribusjonsselskap – verken i privat eller statleg regi. Arbeidarpartiet ville ha eit nesten fullstendig statleg selskap, mellompartia eit delvis statleg selskap og Høgre eit fullstendig privat, norsk selskap. For alle utanom ALP var det viktig at selskapet var norsk.

BP, Hydro og OK selte sine bensinstasjonar til den norske staten, som skipa selskapet Norol. Skjermdump fra Norsk olje – på mer enn én måte

Hallvard Eika (V) oppsummerte mellompartia sitt standpunkt på følgjande måte: «Venstre lir ikkje av statsskrekk […] Men samstundes er vi overtydde tilhengarar av at det norske samfunnet også i framtida bør byggja på eit næringsliv der privateigde bedrifter og andre former for ikkje-statlege verksemder utgjer hovudtyngda. Det er dagens struktur i norsk næringsliv og bør også vera det i oljealderen.»[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 258, 6. januar 1976, s. 2014.

Sosialistisk Venstreparti ville helst ha ekskludert alle private selskap – inkludert Saga Petroleum – frå både NBII og raffineriet på Mongstad. Partimedlemmane meinte at olje og gass var ein naturressurs på lik linje med vasskraft og at begge delar måtte vere underlagt statleg kontroll. I alle fall måtte ikkje utanlandske selskap blandast inn.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget, 6. januar 1976, s. 1991 flg.

Carl I. Hagen (ALP) sette derimot spørsmålsteikn ved kva dei utanlandske selskapa eigentleg hadde gjort gale. Anders Langes Parti såg ganske enkelt ikkje noko behov for å etablere eit norsk oljeselskap i det heile, og foreslo følgjeleg at Stortinget skulle avvise heile forslaget.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 263, 6. januar 1976, s. 2054 og s. 2026.

Olaf Knudson (H) var langt på veg einig. Han peika på at statskapitalisme gjerne var likestilt med ufrie og lite demokratiske land, og sjølv om Noreg ikkje var der ennå meinte han det var uheldige at staten eigde kvar tredje industriaksje. Ikkje minst var det uheldig all den tid staten laga lovane som òg gjaldt for dei selskapa som staten eigde.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 261, 6. januar 1976, s. 2036 og 2054.

Ei anna side var at selskap av og til hadde behov for å kunne ta raske avgjerder, noko som var lite sameinande med Stortinget sitt krav om styring og kontroll.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76) Innstilling frå industrikomitéen om kjøp av Norsk Brændselsolje A/S, A/S Norske Oljekonsum/Norske OK og Norsk Hydro A/S seksjon for markedsføring i Norge, s. 14. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1975-76&paid=6&wid=aI&psid=DIVL1583 Stortinget kunne lage lover og reglar som gjorde det unødvendig med statleg styring, meinte høgresida. Eit norsk selskap trengte ikkje vere synonymt med eit statseigd selskap, meinte Odd Vattekar (H).[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 254, 6. januar 1976, s. 1981.

Statsministar Trygve Bratteli (A) repliserte med å be dei borgarlege partia roe ned «gammeldags sosialistforskrekkelse».[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 261, 6. januar 1976, s. 2038.

Eit altfor dyrt siste ledd i ei verdifull oljekjede?

Fleirtalet – Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti – skreiv i Industrikomiteen si innstilling til Stortinget at staten ville ha ein fordel ved å kjøpe seg inn i distribusjonsmarknaden og at det kunne la seg gjere utan at det ville «skje til fortrengsel for andre viktige samfunnsoppgåver».[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 9. Staten skulle nemleg ikkje låne pengar til formålet, heller ikkje bruke av statsbudsjettet. Pengane skulle hentast frå den komande oljeformuen. Dette var pengar, hevda arbeidarpartiregjeringa, som elles berre ville blitt ståande på utanlandske bankkontoar til glede for kapitalistiske bankeigarar.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 263, 6. januar 1976, s. 2050.

Verken Høgre, ALP eller mellompartia kjøpte dette argumentet.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget, 6. januar 1976, s. 2025 – 2026 og s. 2028. Pengane kunne, etter deira meining, med fordel blitt brukt til noko anna. Tvert imot meinte dei det var sløsing med skattebetalarane sine pengar, ikkje minst med tanke på kor høgt prisa aksjane var.[REMOVE]Fotnote: Forhandlingar i Stortinget nr. 259, 6. januar 1976, s. 2022, 2055, 1998 og 2048. Og Willoch, Kåre. Minner og meninger. 3: Statsminister. Schibsted. Oslo. 1990, s. 298 – 299.

Prisen var eit tema i fleire avisartiklar, med titlar som «Kjøpet av Norsk Brændselsolje. Regjeringen betaler 140 prosent for mye», «Avtalt pris altfor høy» og «Lettsindig omgang med tiltrudde midlar».[REMOVE]Fotnote: Nordlandsposten, 13. desember 1975, Stavanger Aftenblad, 6. januar 1976 og Drammens Tidende og Buskeruds Blad, 6. januar 1976. Nasjonalbiblioteket. Medan ei partiavis[REMOVE]Fotnote: Fram til om lag 1980 var dei fleste aviser i Noreg knytt til eit parti, anten som eit direkte partiorgan eller gjennom ein uttalt eller ikkje-uttalt støtte til eit parti. Dette gjeld òg for dei avisene som er nemnt her. https://snl.no/avis  Lasta ned 2. juni 2020. på høgresida la fram prov for at Norsk Brændselsolje var overprisa med tanke på kor mykje selskapet hadde tent dei siste åra, la ei avis med ei anna partitilhøyrsle lenger til venstre, fram ei vurdering som tilsa at selskapet hadde gode moglegheiter for å tene mykje pengar i åra som kom. Dei borgarlege partia trudde på éi historie, dei sosialistiske på ei anna.[REMOVE]Fotnote: Mellom anna i Nordlandsposten, 13. desember 1975 og Moss Dagblad, 15. desember 1975. Nasjonalbiblioteket.

Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti sin refleksjon var at ein ikkje kunne legge utelukkande «bokholderimessige» prinsipp til grunn. Ikkje alt kunne målast i kroner og øre. Det kunne til dømes òg bli aktuelt å «pålegge det [NBII] særskilte forpliktelser» knytt til distriktspolitikk, som at NBII skulle ha stasjonar i distrikta.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 9.

Kåre Willoch (H) skreiv seinare at når politikarar kom med argument som «distriktpolitiske hensyn» og «samfunnsmessige hensyn» tydde det at dei hadde få gode økonomiske argument. Han bruker Mongstad som døme, men argumentet kan òg overførast til skipinga av NBII.[REMOVE]Fotnote: Willoch, Kåre. Minner og meninger. 3: Statsminister. Schibsted. Oslo. 1990, s. 298.

Fleire veljarar såg derimot positivt på skipinga av eit statleg distribusjonsselskap. Ein gallup frå Aftenposten den 27. september 1975 viser at det var fleirtal blant folk flest, for at staten skulle kjøpe opp BP sitt distribusjonsanlegg.[REMOVE]Fotnote: Aftenposten (morgon), 27. september 1975. Nasjonalbiblioteket. Dei tilsette i dei ulike stasjonane var òg stort sett positive til oppkjøpet.[REMOVE]Fotnote: Arbeiderbladet, 25. august 1975. Nasjonalbiblioteket.

For dei sosialistiske partia var det myke idealisme involvert i skipinga av NBII. Dei kalla det gjerne siste ledd i oljekjeda. Det gjaldt òg til ein viss grad for mellompartia som ville sikre heimkjøp. Men for eit parti som Høgre var det uaktuelt å støtte eit kjøp som ikkje var «økonomisk begrunnet», men «rent politisk».[REMOVE]Fotnote: Forhandlinger i Stortinget nr. 261, 6. januar 1976, s. 2036.

Fleire politikarar og bransjefolk meinte at oljekjeden var sett saman av oljeproduksjon, raffinering og sal og at ein oljestat alle ledda av verdikjeden burde skje innanfor landegrensene til ein oljenasjon. Skjermdump fra Norsk olje – på mer enn én måte

Fleirtal med subsidiær støtte

Seint på kvelden den 6. januar 1976 var det endeleg klart for votering. Sosialistisk Venstreparti sitt forslag om å ta Saga ut av NBII og gjere både NBII og Rafinor[REMOVE]Fotnote: Rafinor var selskapet som eigde Mongstad-raffineriet. mest mogleg statleg, falt. Anders Langes Parti sitt forslag om å sjå vekk frå heile ideen om NBII, falt. Høgre sitt forslag om meir privat initiativ, falt. Mellompartia sitt forslag om heimkjøp, men elles private eigarar, falt. Og Det nye folkeparti sitt tilleggsforslag om å ta initiativ til meir privat involvering på sikt, falt. Med subsidiær støtte frå Sosialistisk Venstreparti og Det nye folkeparti sin einaste stortingsrepresentant, fekk regjeringa sitt forslag fleirtal med 78 mot 74 stemmer.

Då møtet blei heva kl. 23.05 var det altså – heilt venta – regjeringa sitt forslag om eit nytt, statleg oljeselskap som stod sigrande igjen. Statoil, Norsk Hydro, Saga og Norges Kooperative Landsforening (NKL) eigde kvar sin aksjepost av varierande storleik i det nye selskapet, men det var staten som sat med aksjemajoriteten. Det vidare resultatet av stortingsvedtaket var at staten, ved NBII, eigde 40 prosent av aksjekapitalen i Rafinor, medan Norsk Hydro og Statoil eigde 30 prosent kvar.

Noreg hadde fått eit statleg norsk oljeselskap for distribusjon og marknadsføring, og Arbeiderpartiet var nær målet sitt om statleg deltaking i alle ledd av oljeindustrien.

Namnet blei Norol

NBII hadde lov til å bruke dei gamle merkenamna i ein avgrensa periode, men det låg i korta at selskapet raskt ville skifte namn.[REMOVE]Fotnote: St. prp. Nr. 20 (1975 – 76), s. 26. Dagbladet la den 7. januar 1976 spøkefullt og noko ironisk fram eit forslag om at det nye oljeselskapet burde heite Ingoil som ein gest til den avtroppande industriministeren.[REMOVE]Fotnote: Dagbladet, 7. januar 1976, side 2. Nasjonalbiblioteket. Ikkje overraskande blei ikkje dette det offisielle namnet.

Målet var at Norol skulle bli eit leiande oljefirma. Skjermdump fra 70 år: 1920-1990

Ekstraordinær generalforsamlinga gjekk den 19. februar 1976 inn for å stryke «brændsels» slik at det nye selskapet fekk tittelen Norsk Olje a.s., med merkenamnet Norol.[REMOVE]Fotnote: Stavanger Aftenblad, 20. februar 1976, s. 17. Nasjonalbiblioteket. Det blei sendt ut pressemelding om dette, og i løpet av 1976 fekk dei tidlegare OK-, NB- og Hydro-stasjonane nytt uttrykk og det norske folk kunne kjøpe heilnorsk olje henta opp frå Nordsjøen, raffinert på Mongstad og distribuert av eit norsk, statleg oljeselskap med logo i raudt, kvitt og blått.[REMOVE]Fotnote: «20 år som oljenasjon» av adm. direktør Jan T. Bjerke i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 9.

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *