Statoil sigrar på Mongstad
«Oljeraffineriet på Mongstad var omgitt av konflikter helt fram til Hydro solgte seg ut i 1987.»[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E., Rønning, Asle og Sandvik, Pål Thonstad (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse : Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 319. Det drygt 10 år lange Mongstad-samarbeidet mellom Statoil og Norsk Hydro var prega av usemje. Konflikten galdt spørsmålet om kor vidt Mongstad-raffineriet burde byggast ut og moderniserast eller ikkje. Hydro var mellom anna av økonomiske grunnar skeptisk til utbygginga. Statoil meinte derimot at marknaden var god nok og at raffineriet måtte byggast ut for å ikkje bli akterutsegla.
Å raffinere eller ikkje raffinere? – det er det det spørs om
I byrjinga av 1970-åra hevda utanlandske oljeselskap, med Phillips Petroleum i spissen, at Noreg ville få ei større økonomisk forteneste ved å eksportere råolje enn ved å eksportere raffinerte oljeprodukt. I 1971 vedtok Stortinget Dei ti oljebod. Eitt av oljeboda sa mellom anna «at petroleum fra den norske kontinentalsokkel som hovedregel ilandføres i Norge». Stortinget sitt argument var fyrst og fremst at oljeraffineri og tilhøyrande aktivitet ville skape arbeidsplassar i Noreg, og med det òg skatteinntekter. Stortinget var med andre ord ikkje heilt samd med dei utanlandske oljeselskapa i deira konklusjon.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 170. Og https://www.norgeshistorie.no/kilder/oljealder-og-overflod/K1905-de-ti-oljebud.html Lasta ned 26. januar 2021.
Kor vidt det var lurt å raffinere eller lurt å eksportere råolje var ikkje eit spørsmål med eit enkelt svar. Det fanst prognosar og vurderingar, men sjølv ti år seinare var det vanskeleg å finne to strekar som kunne plasserast under svaret.
Det som derimot var sikkert, var at raffineriindustrien i Vest-Europa var i endring i 1980-åra. Bakgrunnen for det var at bruken av tyngre oljeprodukt, som til dømes fyringsolje, hadde blitt redusert. Enkelte land ynskte å gjere seg mindre avhengige av olje, det var nedgang i industrien og fleire land ynskte å gå over til billigare og meir føreseielege energiberarar.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 11. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=2&wid=b&psid=DIVL288&pgid=b_0417 Eit døme er Sverige som satsa på elektrisk kjernekraft som erstatning for oljefyr.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoil kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 10. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1984-85&paid=2&wid=b&psid=DIVL920 Òg i Noreg var oljefyring på veg ut.
Det var derimot venta ein vekst i etterspurnaden etter såkalla lette oljeprodukt, som til dømes diesel og bensin. Her fanst det ingen reelle energierstatningar.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 8. Konsekvensen av endringane var at dei raffineria som fanst ikkje fekk utnytta kapasiteten sin fordi dei var konstruerte for å lage produkt som no ikkje lenger var etterspurde. I tillegg trengte raffineria å få ned kostnadar knytt til fyring, fakling[REMOVE]Fotnote: «Fakling er etterforbrenning for å bli kvitt overskudd av gass og olje ved petroleumsutvinning, raffinering og petrokjemisk industri.» Fakling bør ikkje skje, både fordi det fører til energitap/tap av ressursar, men òg fordi det er skadeleg for miljøet. I Noreg finst det reglar for fakling. Fakling skal berre gjerast av sikkerheitsmessige årsaker. https://snl.no/fakling_-_petroleumsvirksomhet Lasta ned 27. januar 2021. og energitap. På grunn av auka oljeprisar hadde desse kostnadane blitt mangedobla.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 233. Raffineria stod overfor ein situasjon der dei måtte modernisere eller legge ned. Dette galdt òg for så unge raffineri som det på Mongstad.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 1.
Ein annan tendens som gjorde seg gjeldande i Vest-Europa i 1980-åra var at målet for mange oljeselskap var å bli mest mogleg integrerte. Det vil seie at oljeselskap hadde som mål å delta i alle ledd av oljeindustrien, frå produksjon av olje, via raffinering, til sal av oljeprodukt. Når store oljeselskap som Shell og Esso ikkje berre eigde raffineri, men òg produserte olje, var det vanskelegare for Statoil å få avsetnad på råolje, særleg gjennom langtidskontraktar.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 17. Oljemarknaden var krevjande og i endring, men det var klart at Statoil ynskte å raffinere meir av olja si. Spørsmålet var om Hydro ville vere med.
Å bygge ut eller ikkje bygge ut?
Allereie i 1980 blei Statoil-styret orientert om Statoil-leiinga sine planar for ei utviding og ei modernisering av Mongstad-raffineriet. Kort kan det seiast at Statoil ivra for utbygginga, medan Norsk Hydro var skeptisk. Då Statoil og Hydro i 1981 skulle skrive ein rapport om saka til norske myndigheiter, var det vanskeleg for dei to selskapa å bli samde. Dei var mellom anna usamde om korleis dei skulle karakterisere prosjektet si lønnsemd. Hydro kunne gå med på at prosjektet kunne bli eit overskotsprosjekt, men ville gjerne ha med usikkerheita som fanst. Hydro meinte at Statoil var altfor optimistisk.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 229 – 231.
Olje- og energidepartementet såg i januar 1981 ikkje nokon grunn til å gjennomføre ei ny realitetshandsaming. Departementet meinte at planlegginga og undersøkingane godt kunne halde fram og at Statoil, Hydro og Norol saman måtte bli samde om eigar- og operatørforholdet på Mongstad.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 231. Det var Hydro som var operatør på Mongstad. Det hadde selskapet forhandla seg til då selskapet i 1976 selde 50 prosent av aksjane sine til Statoil.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 265 (1983-84) Innstilling frå energi- og industrikomiteen om modernisering av Mongstad-raffineriet, s. 6. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=6&wid=aI&psid=DIVL1565 Men det var neppe tenleg at Hydro skulle vere operatør for ei utbygging som selskapet var imot.
Det var ikkje berre den økonomiske risikoen som gjorde at Norsk Hydro haldt igjen. Selskapet hadde tilstrekkeleg raffineringskapasitet til sitt bruk og ville heller bruke pengane andre stadar i Hydro-konsernet.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 265 (1983-84) Innstilling frå energi- og industrikomiteen om modernisering av Mongstad-raffineriet, s. 5.
Statoil var derimot svært positiv til utbygging. Med Statfjord og Gullfaks i produksjon ville selskapet få mykje større tilgang til råolje, og med den dåverande raffineringskapasiteten ville selskapet bli nøydd til å selje så mykje som 90 prosent av denne som uraffinert råolje.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 1. juni 1984, s. 4295. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=7&wid=a&psid=DIVL647&pgid=c_1047&vt=c&did=DIVL136 Og St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 16. Statoil var dessutan samd i argumenta som er nemnt ovanfor, om at raffineriet måtte moderniserast for å tilpassast lette oljeprodukt.
Medan Norsk Hydro meinte at ei mindre omfattande modernisering var tilstrekkeleg, meinte Statoil at det var for lite og at det i ytste konsekvens kunne føre til at raffineriet blei nedlagt, som så mange andre raffineri i Vest-Europa hadde blitt.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 1.
Moglegheitene for å leige raffineringskapasitet i utlandet blei foreslått som eit alternativ til å bygge ut Mongstad. Dette blei avvist. Statoil ville ha eit raffineri som var tilpassa den råoljekvaliteten som fanst på norsk sokkel.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 234.
Etter stortingsvalet i 1981 var det klart at Noreg ville få ei rein Høgre-regjering. Denne regjeringa var ikkje eintydig positiv til Statoil og lytta derfor til Hydro sin skepsis knytt til moderniseringa av Mongstad-raffineriet.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 232.
Dei neste åra estimerte Statoil og Olje- og energidepartementet kor mange arbeidstimar som ville gå med og om marknadssituasjonen passa for ei utviding.[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal. 1990, s. 286 – 287. Kort sagt var målet å finne ut kor dyrt prosjektet ville bli og om det var lønsamt. Arbeidet var utfordrande fordi raffineriet ikkje ville vere ferdig før mot slutten av 1980-åra og det var vanskeleg å vite korleis 1990-åra ville sjå ut.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 7.
I april 1984 la regjeringa – som frå 1983 var samansett av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet – fram ein stortingsproposisjon om utbygginga av Mongstad-raffineriet. I den var den samla investeringa estimert til å vere på 4,2 milliardar kroner. Departementet meinte at saka ville vere lønsam, men anerkjente samstundes at det ville «avhenge av et komplekst sett av faktorer som hver for seg vil være beheftet med stor usikkerhet».[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 234. Sitatet er henta frå St.prp. nr. 98 (1983-84) «Om modernisering av Mongstad-raffineriet», s. 35. Usikkerheita var òg eit tema då Stortinget handsama saka i juni 1984, men trass i den økonomiske risikoen som var knytt til prosjektet, blei saka samrøystes vedteken av Stortinget.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 1. juni 1984, s. 4314.
Utbygging og modernisering av Mongstad-raffineriet
Statoil sine opphavlege planar gjekk ut på å utvide kapasiteten på Mongstad-raffineriet frå 4 til 10 millionar tonn årleg, men det var usikkert om Statoil-konsernet kunne gjennomføre eit så omfattande prosjekt. Selskapet gjekk derfor inn for å avgrense utvidinga til 6,5 millionar tonn årleg.[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal. 1990, s. 284 – 285. Inkludert i prosjektet var òg ein råoljeterminal og ein lagertank for råolje.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 18. Det var planlagt at anlegget skulle stå ferdig i byrjinga av 1989. Norsk Hydro eigde opphavleg 15 prosent av prosjektet, men i 1985 trakk selskapet seg frå prosjektet.[REMOVE]Fotnote: Statistisk vedlegg til §10-planen for 1986. Stavanger, 25. juli 1985. Arkivverket, s. 57. Og Statistisk vedlegg til §10-planen, 31. juli 1986. Arkivverket, 17.1. Hydro eigde framleis 30 prosent av det gamle raffineriet, men i 1987 selde selskapet desse aksjane til Statoil som etter det eigde 100 prosent av Mongstad-raffineriet.
Statoil sin siger på Mongstad kom med ein bismak. Sigeren var ein konsekvens av konfliktane med Hydro og det var, ikkje minst, ein konsekvens av usemjene knytt til utbygginga av raffineriet. Den største bismaken var knytt til dei økonomiske og organisasjonsmessige konsekvensane utbygginga og moderniseringa fekk for Statoil.
arrow_backStriden om operatørskiftet på StatfjordVingeklippingen av Statoilarrow_forward