Frå Norol til StatoilOss statsoljeselskaper imellom

Då isfjellet vaks til ein «mong»

text_format
I april 1988 var det klart at Mongstad-raffineriet ville bli tre gonger så dyrt som planlagt. Korleis hadde det skjedd?
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Mongstad-raffineriet. Foto: Øyvind Hagen/Equinor

«Det var som om et isfjell kom sigende, konturene og omfanget var vanskelig å bedømme.»[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal. 1990, s. 288. Det er eit nesten mytisk bilete dåverande Statoil-sjef Arve Johnsen teiknar av Mongstad-nederlaget, av budsjettet som este ut frå å vere konturar i horisonten til å bli eit digert fjell som gøymte mesteparten av konturane sine under havoverflata.

Utgangspunktet: 4,2 milliardar kroner

I 1984 vedtok Stortinget moderniseringa av raffineriet på Mongstad. Moderniseringa gjaldt utvidinga av raffinerikapasiteten frå 4 millionar tonn per år til 6,5 millionar tonn per år, samt bygging av ein råoljeterminal. Den samla investeringa var estimert til 4,2 milliardar kroner.

Prosjektet var i utgangspunktet eit samarbeid mellom Statoil og Norsk Hydro, som saman eigde raffineriet på Mongstad, men i oktober 1985 trekte Hydro seg frå utvidinga. Selskapet beheldt samstundes den eigardelen det hadde i det gamle raffineriet.

Det moderniserte Mongstad-raffineriet skulle stå ferdig 1. mars 1989, men allereie i 1985, før prosjekteringa var avslutta, bestemte Statoil seg for at anlegget skulle stå ferdig allereie 1. desember 1988. Ei forsering ville føre til auka utgifter, men samtidig bidra til at anlegget tente pengar tre månadar tidlegare enn planlagt.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 245. Forseringa var berre ein av grunnane til at prosjektet blei fleire milliardar kroner dyrare enn planlagt.

Teikningane stemde ikkje med terrenget

Det er her lista opp seks punkt som Statoil-administrasjonen brukte overfor styret for å forklare kvifor prosjektet blei så mykje dyrare enn det som var planlagt:

  1. Arbeidsomfanget var større enn det ein hadde trudd.
  2. Teikningane av grunnen og det eksisterande raffineriet var mangelfulle. Det førte til at teikningar for røyr og kabelgrøfter måtte omarbeidast og meir av det måtte bytast ut enn det ein hadde trudd i forkant.
  3. Prisane for elektro- og instrumenteringsarbeid var veldig stramt, om lag 50 prosent dyrare enn under arbeidet på Kårstø-anlegget (som kom i drift i 1985).
  4. Alt frå prosjektering til gjennomføring tok lengre tid og var meir omfattande enn forventa, og blei tilsvarande dyrare.
  5. For å halde timeplanen måtte arbeid gjennomførast parallelt, det førte til meirkostnadar.
  6. Bygg- og anleggsbransjen var midt i ein høgkonjunktur og kunne derfor forlange høge prisar.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 248.

Særleg punktet om at teikningane til det eksisterande raffineriet var mangelfulle og rett og slett ikkje passa med terrenget, har Arve Johnsen trekt fram som ei viktig årsak til at prosjektet blei vesentleg mykje dyrare.[REMOVE]Fotnote: https://tv.nrk.no/serie/mitt-liv/sesong/2/episode/3 Intervju med Arve Johnsen, lasta ned 12. april 2021.

«Seks milliardars puslespel». Faksimile: Nordhordland, onsdag 31. desember 1986

Å gå utover budsjettet, om kanskje ikkje så mykje som i tilfellet Mongstad, er vanleg i oljeindustrien.[REMOVE]Fotnote: Thomassen, Eivind 2020. The Crude Means to Mastery. Norwegian national oil company Statoil (Equinor) and the Norwegian State 1972-2001, s. 197. Oljeprisen er lite føreseieleg og det er vanskeleg å spå korleis oljemarknaden vil utvikle seg. Kritikken Statoil mottok var ikkje knytt til fordyringa, men til måten den var blitt handsama på.

Statoil blei ikkje skulda for å ha underbudsjettert prosjektet, men i stortingsmeldinga som kom som ein konsekvens av budsjettoverskridinga, fekk selskapet kritikk for å ikkje ha sett fareteikna tidlegare: «[…] prosjektets vanskelighetsgrad ble undervurdert allerede i utredningsfasen av alle som var med i de mange utredninger og studier som ble foretatt. Det gjelder både de som ble foretatt av Statoil, ved egen ekspertise og ved konsulenter. Også Statoils styre gjorde seg skyldig i en slik overvurdering».[REMOVE]Fotnote: St. meld. nr. 16 (1987-88), «Kostnadsoverskridelsene ved utbyggingen av raffineriet og råoljeterminalen på Mongstad» https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1987-88&paid=3&wid=b&psid=DIVL495 , s. 73 og «Redegjørelse for utviklingen i investeringsestimatene for Mongstadprosjektene», vedlegg til St. meld. nr. 16, s. 17, begge sitert i Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 251 og 249.

Eit typisk spørsmål som blei stilt var om prosjektet burde, eller kunne, ha vore stoppa før.

Point of no return

Prisen for den totale investeringa på Mongstad var altså sett til 4,2 milliardar 1983-kroner.

Rapporten som blei skriven i etterkant av Mongstad-overskridingane viser at Statoil-administrasjonen allereie i 1985 visste at budsjettet ville sprekke.[REMOVE]Fotnote: St. meld 16 1987–88 Kostnadsoverskridelsene ved utbyggingen av raffineriet og råoljeterminalen på Mongstad, p. 45–46, vist til i Thomassen, Eivind 2021(?). The Crude Means to Mastery. Norwegian national oil company Statoil (Equinor) and the Norwegian State 1972-2001, s. 197 – 198. Men fyrst i juni 1987 blei Statoil-styret informert om at budsjettet ikkje ville halde.

Tidleg i 1987 var dei fleste avtalar signert og det byrja å bli klart kor dyrt prosjektet faktisk ville bli.[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal. 1990, s. 288. Totale kostnadar for råoljeterminalen blei i paragraf 10-planen for 1987 oppgitt å vere ca. 1 milliard kroner, og prislappen for raffineriet var på nesten 6 milliardar kroner. I juni same år hadde prisen gått ytterlegare opp. Råoljeterminalen blei nå prisa til 1,3 milliardar kroner og raffineriet blei prisa til 7,6 milliardar (altså over  2 milliardar kroner dyrare).[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 246 – 248.

17. september 1987 blei Statoil-styret på ny informert om den økonomiske situasjonen for Mongstad-utbygginga. Det var då gått tre månadar sidan førre rapport. Prisen på råoljeterminalen var nå sett til 1,4 milliardar kroner, 131 millionar meir enn i juni same år. Den nye sluttsummen på sjølve raffineriet var på drygt 9 milliardar kroner. Det var 1,6 milliardar dyrare enn det som hadde vore sluttsummen tre månadar tidlegare og 3,4 milliardar dyrare enn dei tala som blei levert i paragraf 10-planen.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 248.

Arve Johnsen under befaring for pressen i oljeraffineriet på Mongstad i september 1987. Foto: Tor G. Stenersen

I november 1987 stilte styret plassane sine til disposisjon. Likeeins måtte Johnsen gå av som direktør.

I april 1988 var Mongstad på nytt tema under eit styremøte.  Den forholdsvis nye direktøren orienterte det nye styret: Investeringane på Mongstad var no venta å vere 12 milliardar kroner. Auka arbeidsomfang, manglande kontraktsoverhalding og forlenga prosjektperiode med tilhøyrande forlenga prosjektleiing blei oppgitt som grunnar til fordyringa. Utbetringane og utbygginga på raffineriet var no 63 prosent ferdig. Endeleg ferdigstilling var sett til januar/våren 1989. Statoil-leiinga meinte det ville vere økonomisk smart å fullføre prosjektet.[REMOVE]Fotnote: Referat frå styremøte i Statoil, 20. april 1988. Arkivverket.

Det er vanskeleg å seie om prosjektet burde ha blitt stoppa og lagt på is då dei ansvarlege for det såg at det blei dyrare og dyrare.

Det som derimot er sikkert er at budsjettoverskridingane fekk hard medfart i media. Mong blei ei uoffisiell måleeining. Den byrja på fire milliardar som var den fyrste budsjettoverskridinga. Den har seinare blitt justert til seks milliardar. Det endelege talet for overskridinga blei endå høgare: Mongstad-raffineriet blei om lag åtte milliardar dyrare enn det som var estimert.

Ein «mong» er ei uhøgtideleg måleeining for 6 milliardar kroner. Statoil-sjef Arve Johnsen måtte gå av då utvidinga av Mongstad-anlegget på 1980-talet, passerte denne summen. Seinare blei overskridingane endå høgare, men éin mong ser likevel ut til å ha blitt ståande på 6 milliardar kroner. 

Isfjell i horisonten

Illustrasjon av: Uwe Kils (iceberg) og bruker : Wikimedia Commons

Utan Statoil sine planar og visjonar, ville nok Mongstad aldri ha blitt utvida, skriv historikar Eivind Thomassen.[REMOVE]Fotnote: Thomassen, Eivind 2020. The Crude Means to Mastery. Norwegian national oil company Statoil (Equinor) and the Norwegian State 1972-2001, s. 160. Det er vidare eit poeng at raffineriet mest sannsynleg etter kvart ville blitt stengt utan denne ombygginga og utvidinga. Statoil fekk ufortent dårleg rykte på seg på grunn av Mongstad-utbygginga. Selskapet tente trass i alt inn store pengar til statskassen i dette tidsrommet og mykje anna innanfor selskapet gjekk bra.[REMOVE]Fotnote: Thomassen, Eivind 2020. The Crude Means to Mastery. Norwegian national oil company Statoil (Equinor) and the Norwegian State 1972-2001, s. 162.

Thomassen er klar på at det ikkje berre var økonomiske grunnar som låg bak moderniseringa av Mongstad, men òg distriktspolitiske, og, for Statoil sin del, målet om å bli eit integrert oljeselskap.[REMOVE]Fotnote: Thomassen, Eivind 2020. The Crude Means to Mastery. Norwegian national oil company Statoil (Equinor) and the Norwegian State 1972-2001, s. 151.

Johnsen skriv at administrasjonen i byrjinga av 1987 fekk dei fyrste teikna på at dei ikkje ville klare å halde seg innanfor budsjettet: «Vi arbeidet med et prosjekt som – for første gang i Statoils historie – ikke gikk etter planen.»[REMOVE]Fotnote: Johnsen, Arve. Gjennombrudd og vekst: Statoil-år 1978 til 1987. Gyldendal. 1990, s. 288.

Dette blir ei litt for enkel forklaring. I 1977 og 1978 var det til dømes mykje merksemd rundt store overskridingar knytt til Statfjord-utbygginga, men den gongen var det operatøren, Mobil, som fekk kritikken.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 249. I tilfellet Mongstad hadde derimot ikkje Statoil nokon dei kunne lene seg på. Selskapet var no eineeigar på Mongstad og hadde følgjeleg eineansvaret.

Johnsen sitt Statoil fekk æra for det moderniserte raffineriet, men måtte òg ta konsekvensane av at det blei så mykje dyrare enn planlagt. Dei fleste var samde om at selskapet ikkje kunne klandrast for fordyringa, men Johnsen, Statoil-administrasjonen og styret fekk kritikk for å ikkje ha lagt om kursen då dei skimta isfjellet i horisonten. Dei hadde tvert imot gått rett på, og skapte med det måleeininga «mong».

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *