Mongstad – «en av de største industrisaker etter krigen»

text_format
Slik blei det moglege Mongstad-raffineriet skildra i Stortinget i 1971. Raffineriet var opphavleg initiert og deleigd av Norsk Hydro, men i løpet av 1970-åra fekk Statoil ei større og større eigarrolle.
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Mongstad-raffineriet. Foto: N.N./Equinor

Oljeraffineriet på Mongstad fekk i løpet av 1970-talet ei veksande rolle i den nye, norske oljenasjonen. Etter kvart som Statfjordfeltet og Gullfaksfeltet blei bygd ut ville Statoil og staten få stor tilgang på råolje. Det var naturleg, meinte desse to, at i alle fall ein del av denne olja blei raffinert i Noreg – på Mongstad. I 1979 fekk Statoil aksjemajoriteten på Mongstad, medan Norsk Hydro eigde 30 prosent. Korleis gjekk Hydro frå å vere initiativtakar og hovudaksjonær til å bli veslebror på Mongstad?

Hydro startar raffineri på Mongstad

Då Mongstad blei regulert som industriområde på slutten av 1960-talet, var det fleire selskap som var interessert i å bruke området til industri. Norsk Hydro vann fram fordi dei kunne love fleire arbeidsplassar enn dei andre interesserte selskapa.[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse: Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 344. Planen var å bygge eit oljeraffineri.

Mongstad-raffineriet på 70-talet. Foto: N.N/Equinor

Hydro signerte i november 1971 ein avtale med Norsk Brændselsolje (NB) om å bygge raffineriet saman. Hydro var majoritetseigar med 60 prosent av aksjane. NB, som blei tildelt dei resterande 40 prosentane, var halvt eigd av British Petroleum (BP), medan resten av selskapet hadde norske eigarar.[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse: Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 342.

Det er verd å merke seg at tankane om eit raffineri tok til allereie før Ekofisk-funnet i 1969, men planane skaut for alvor fart etter at funnet var eit faktum. Raffineriet blei reist i perioden mellom 1972 og 1975.[REMOVE]Fotnote: https://snl.no/Mongstad Lasta ned 5. november 2020. Det kom i drift i 1975, men ein brann same år gjorde at produksjonen fyrst kom ordentleg i gang i 1976. Raffineriet hadde tre hovuddelar: ein råoljedestillasjonsdel, eit reformanlegg for bensinproduksjon og eit koksanlegg for spesialkoks til aluminiumsindustrien.[REMOVE]Fotnote:  «Perioden 1970 – 1976» i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 24.

Hydro og NB organiserte Mongstad-raffineriet gjennom Rafinor A/S. Raffineriet blei organisert etter mølleprinsippet. Akkurat som bonden eigde kornet og det malte mjølet, eigde Hydro og NB råolja og det raffinerte oljeproduktet. Raffineriet tok ei avgift for sjølve raffineringa. Denne skulle dekke driftsutgifter, renter og avdrag, samt gje eigarane noko forteneste.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 210.

Raffineriet hadde ein destillasjonskapasitet på 4 millionar tonn olje i året.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 98 (1983-84) Om moderniseringa av Mongstad-raffineriet, s. 17. Dette var meir enn nok til å raffinere Norsk Hydro sin del av Ekofisk-olja og oljeprodukt til Norsk Brændselsolje sine bensinstasjonar. Eit selskap som etter kvart ville få behov for raffineringskapasitet var Statoil. Skulle Hydro og NB invitere Statoil til å kjøpe seg inn i Mongstad-raffineriet?

Hald venene dine nær og konkurrentane nærare

Tidleg i 1970-åra var Noreg ein ung oljenasjon. Statoil blei etablert i 1972, men det tok tid før det blei klart korleis denne nykomlingen ville påverke Hydro si rolle som eit halvstatleg oljeselskap. Det nye oljeselskapet fekk stor politisk støtte frå Arbeidarpartiet. Statoilsjef Arve Johnsen meiner at Arbeidarpartiet sin valsiger, og tilhøyrande regjeringsmakt, i 1973 var avgjerande for retninga norsk olje- og gasspolitikk fekk.[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse : Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 335.

I mars 1974 diskuterte leiinga i Norsk Hydro og NB kor vidt ei utviding av Mongstad skulle inkludere Statoil. Generaldirektør i Norsk Hydro, Johan B. Holte, meinte at Statoil burde haldast utanfor.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 212. Noko av skepsisen til Statoil kan skuldast Holte sitt dårlege forhold til Johnsen.[REMOVE]Fotnote: Arve Johnsen Norges evige rikdom (2008) s. 27-28. 

Torvild Aakvaag. Foto: Hydro

Direktør for Norsk Hydro sin oljedivisjon, Torvild Aakvaag, meinte derimot at det var lurt å samarbeide med det nye favoriserte oljeselskapet: «Med et samarbeid med Statoil kan vi få ‘disse politiske krefter til å arbeide for oss i stedet for mot oss’.»[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse : Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 347 – 348. Det var dessutan ein fare for at Statoil ville opprette eit eige konkurrerande raffineri. Det var betre å invitere Statoil inn, meinte Aakvaag, det kunne gje stordriftsfordelar.[REMOVE]Fotnote: Nerheim, Gunnar. Norsk oljehistorie. En gassnasjon blir til. Bind 2. Leseselskapet. 1996, s. 212. Mykje talte med andre ord for at det minste av to vonde ville vere å knyte tette band til konkurrenten.

Det skulle likevel ta nokre år før Statoil fekk ein eigarpost i Mongstad-raffineriet. Det skjedde fyrst i 1976 då staten i tillegg til ein del andre bensinstasjonar òg kjøpte opp Norsk Brændselsolje. Det nye selskapet fekk namnet Norsk Olje – Norol. I tillegg til fleire bensinstasjonar, inkluderte kjøpet òg den delen av Mongstad-raffineriet som Norsk Brændselsolje hadde eigd.

Samtidig kjøpte Statoil 50 prosent av Hydro sine Mongstad-aksjar. Statoil og Hydro eigde no 30 prosent kvar.

Salet gjorde at Hydro fekk frigjort kapital som kunne brukast til andre delar av verksemda. 298 millionar kroner var ein god pris med tanke på at marknaden for raffinerte produkt var dårleg. Leiinga i Norsk Hydro var, i motsetnad til staten sine forhandlarar, klar over den dårlege marknadssituasjonen.[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse : Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 351.

«Statoilifisert»

Skilt ved Mongstad. Foto: Øyvind Hagen

I og med at Statoil og Norol – begge heilstatlege oljeselskap – overtok til saman 70 prosent av Mongstad-raffineriet i 1976, kan det hevdast at raffineriet blei nasjonalisert. «Initiativtakeren Hydro ble redusert til en juniorpartner […].»[REMOVE]Fotnote: Johannessen, F. E. (2005). Nasjonal kontroll og industriell fornyelse : Hydro 1945-1977: Vol. B. 2 (p. 468). Pax, s. 350. Frå å ha hatt aksjemajoritet og kontroll, var det gamle industriselskapet blitt ein aksjeminoritet på Mongstad.

Statoil sin posisjon på Mongstad auka endå meir mot slutten av 1970-åra. Det fyrste forsøket på å styrke selskapet sin posisjon var då arbeidarpartiregjeringa våren 1978 foreslo at Norol, i eit forsøk på å styrke selskapet sin økonomi, skulle selje Mongstad-aksjane sine til Statoil. Forslaget fekk ikkje gjennomslag i Stortinget. Men eitt år seinare, i 1979, fekk Statoil aksjemajoriteten i Norol.

Sjølv om Norol haldt fram med å vere eit sjølvstendig selskap, er det samtidig eit faktum at det no var Statoil som hadde aksjemajoriteten på Mongstad. Det tidlegare Hydro-raffineriet var blitt grundig «Statoilifisert». Etter kvart blei det tydeleg at Statoil hadde store planar for Mongstad-raffineriet.

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *