Rigget for suksess – Ross RigOljedistribusjon i raudt, kvitt og blått

Frå husmann til husbondsrett

text_format
På midten av 1970-talet var den norske oljehistoria ennå fersk og ufullstendig utforma. Var det naturleg å ha med eit statleg oljedistribusjonsselskap i denne historia? Korleis skulle selskapet i så fall organiserast?
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Norol-tankbil. Foto: ukjent/Riksarkivet

I 1976 hadde det gått fire år sidan Statoil blei etablert og sju år sidan funnet av Ekofiskfeltet. Noreg hadde så vidt blitt ein oljenasjon. Arbeidarpartiregjeringa meinte tida no var inne for at staten skulle gå frå å vere husmenn i møte med internasjonale oljeselskap til å få husbondsrett i den norske oljeindustrien, inkludert den norske oljemarknaden. Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti ivra for ein mest mogleg integrert oljepolitikk, med statleg styring frå gjennomføringa av seismiske undersøkingar, til bensinen kunne tappast på bilen. 

Arbeidarpartiet meinte at ein samla nasjonal oljepolitikk òg måtte innebere oljedistribusjon og raffinering. Desse ambisjonane var det berre mogleg å få til med statleg involvering.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 8. https://equinor.industriminne.no/wp-content/uploads/sites/8/2021/11/1975-76-Innst.-S.-nr-135_Innstilling_fra_industrikomiteen_om_kjop_av_Norsk_Braendselolje_A_S.pdf Å sikre moglegheiter for norsk raffinering, norsk distribusjon og norsk marknadsføring ville bli viktigare og viktigare etter kvart som staten fekk tilgang på meir olje, særleg gjennom den venta produksjonen på Statfjord.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 10 og Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 2000. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1975-76&paid=7&wid=a&psid=DIVL476&pgid=b_0409&vt=b&did=DIVL70 

Norsk Brændselolje. Hovedanlegget på Fagerstrand. Juni 1967. Foto: Ukjent/Riksarkivet

Allereie i 1975 hadde regjeringa Bratteli (Ap) byrja å arbeide for at staten skulle etablere eit nytt statleg oljedistribusjonsselskap ved å kjøpe opp tre allereie eksisterande distribusjonsselskap. 

Forslaget og motivasjonen bak det 

Forslaget gjekk ut på at staten ved Industridepartementet skulle kjøpe opp 95 prosent av Norsk Brændselsolje – NB, eigd 50 prosent av British Petroleum (BP) og 50 prosent av norske selskap. Dei resterande 5 prosentane skulle framleis vere eigd av det norske, private oljeselskapet Saga Petroleum. Vidare skulle staten ved Industridepartementet kjøpe opp A/S Norske Oljekonsum/Norske OK og Norsk Hydro sin seksjon for marknadsføring i Noreg. Planen var at dei tre selskapa skulle fusjonerast til eitt nytt selskap som fekk arbeidstittelen NBII.

Den nye eigarstrukturen skulle sjå slik ut:

Staten ved Industridepartementet 71 prosent
Statoil 15 prosent
Norsk Hydro 6,72 prosent
Saga Petroleum og andre 5,18 prosent
Norges Kooperative Landsforening (NKL) 2 prosent

Gjennom oppkjøpet ville staten dessutan overta NB sine aksjar (40 prosent) i raffineriet på Mongstad. Det var Norsk Hydro a.s. som eigde dei resterande 60 prosentane, men dei blei nå fordelt likt mellom Norsk Hydro og Statoil, slik at dei eigde 30 prosent kvar. Selskapet som skulle styre Mongstad, skulle gå under namnet Rafinor.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 1 – 5. 

Regjeringa meinte at eigarselskapa sine ulike styrkar, ville skape eit sterkt selskap.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 2002.  Norsk Brændselsolje A/S var med ein marknadsdel på ca. 20 prosent det tredje største distribusjonsselskapet i Noreg, etter Esso og Shell. NB hadde utsalsstadar over heile landet.[REMOVE]Fotnote: InnstS. nr. 135 (1975/76), s. 2. Norske OK hadde berre utsalsstadar i Trøndelag, på Sørlandet og Austlandet, og distribuerte dessutan til samvirkelag og til Felleskjøpet. Det ville bli ein distriktsmessig og forbrukarmessig fordel for NB å samarbeide med OK, meinte regjeringa. Gjennom samarbeid med OK ville det nye selskapet få kontakt med NKL som òg blei med som eigar i det nye selskapet.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 20 (1975-76), s. 19 – 22 og s. 28 – 29. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1975-76&paid=2&wid=a&psid=DIVL513  Ved å kjøpe opp Norske OK, fekk staten dessutan kjøpt ut dei svenske deleigarane.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 1982. 

Norsk Hydro hadde nesten ingen bensinstasjonar, men dei hadde nokre som dei brukte til å selje sitt oljeoverskot.[REMOVE]Fotnote: St. prp. nr. 20 (1975-76), s. 22.  Ved å kjøpe opp Norsk Hydro sin seksjon for marknadsføring ville staten unngå å konkurrere med seg sjølv, all den tid staten hadde ein stor aksjepost i Hydro. Oppkjøpet ville gje Hydro høve til å konsentrere seg om si kjerneverksemd – petrokjemi – samt at selskapet fekk frigjort ein del kapital.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 1982 og s. 2003. 

Mongstadraffineriet i 1978. Foto: Leif Berge/Equinor

Når valet falt på NB framfor Shell eller Esso, var det faktum at staten ville få ein stor aksjepost i Mongstad, ein sterk motivasjon. Sjølv om Shell òg hadde raffineri i Risavika i Sola kommune, hadde Mongstad rom for utbygging og det var god distriktspolitikk å bygge ut der, hevda industriminister Ingvald Ulveseth i si orientering til Stortinget.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 2000.  Den viktigaste årsaka var nok likevel at selskapet allereie blei rekna som det norskaste av dei tre store, sidan halve selskapet var eigd av norske eigarar. Når staten i tillegg kjøpte opp BP sin del, sikra den heimkjøp og følgjeleg eit heilnorsk selskap.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 8. 

Dette samsvarte med Arbeidarpartiet sin ambisjon om eit nasjonalt distribusjonsselskap. «Norge slipper nå å være husmann i oljeindustrien. […] Vi vil få husbondsrett på et viktig område i norsk økonomi», sa Johanson (A).[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 1983. 

At staten valte å kjøpe eit eksisterande selskap, framfor å bygge opp eit nytt, hadde to hovudgrunnar. For det fyrste blei det rekna som billigare å kjøpe eit eksisterande selskap med eksisterande kundekrins og infrastruktur enn å bygge opp eit selskap frå botnen. For det andre, og kanskje viktigast, var distribusjonsmarknaden pressa og regjeringa såg det som lite sannsynleg at det ville vere plass til endå ein bensinstasjonskjede i denne marknaden.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 135 (1975/76), s. 8. 

Staten eller Statoil som eigar

Det er naturleg å spørje seg kvifor staten skulle stå som hovudaksjonær i NBII, framfor dei eksisterande selskapa Statoil eller Norsk Hydro. Då saka blei omtalt i media så tidleg som i juni 1975, var det mellom andre under følgjande titlar: «1300 BP-stasjoner overtas av Statoil» og «Statoil vil kjøpe opp BPs anlegg».[REMOVE]Fotnote: Bergens Tidende, 9. juni 1975 og Fremover, 10. juni 1975.  Det blei òg skrive at «Statoil/BP: Bensin og Olje. Norsk Hydro: Petrokjemi».[REMOVE]Fotnote: Morgenbladet, 10. juni 1975.  Seinare blei Statoil bytta ut med staten. Om dette var fordi avisene hadde misforstått eller fordi arbeidarpartiregjeringa hadde endra meining, er vanskeleg å seie.  

Ulveseth ville at Statoil – som dei store internasjonale oljeselskapa – skulle vere eit fullt integrert selskap. Dette samsvarte òg med Statoil sin formålsparagraf frå 1972, men det var ikkje støtte for dette i Stortinget.[REMOVE]Fotnote: «Perioden 1976 – 1979» i 70 år : 1920-1990. Oslo. 1990, s. 30.  Det er naturleg å trekke den slutninga at Sosialistisk Venstreparti, som sikra regjeringa støtte for det framlagte vedtaket, ikkje ville gjort det dersom regjeringa hadde lagt fram eit forslag der Statoil skulle ha aksjemajoriteten. Kva så med Norsk Hydro? 

Som nemnt, ville regjeringa at Norsk Hydro skulle konsentrere seg om petrokjemi.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 1982 og s. 2003.  Det er naturleg å argumentere for at dei då burde fått halde fram med sitt engasjement i Rafinor. Fleire av opposisjonspolitikarane, særleg Senterpartiet, stilte seg kritiske til å redusere Norsk Hydro si makt til fordel for Statoil.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar, 6. januar 1976, s. 1987 til 1990. At regjeringa ville gje Statoil plass på Mongstad, har samanheng med at Statoil og staten, som nemnt tidlegare, snart ville ha behov for ein stad der selskapet kunne raffinere statfjordolja. Regjeringa si redusering av Hydro si makt til fordel for Statoil, kan dessutan lesast som eit resultat av arbeidarpartiregjeringa si generelle favorisering av Statoil. 

Stortinget sa ja

Den 6. januar 1976 stemte Stortinget sitt sosialistiske fleirtal som venta, ja til etableringa av NBII. Med dette selskapet som raskt fekk namnet Norsk Olje – Norol – meinte Arbeidarpartiet å ha sikra seg tilnærma fullstendig husbondsrett over norsk oljeindustri. British Petroleum hadde mista fotfeste i oljedistribusjonen og den norske staten kontrollerte nå det Arbeidarpartiet kalla ei fullstendig oljekjede, ein integrert oljepolitikk. 

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *