IT-tjenester fra IndiaSurinam i Sør-Amerika

Frå Statoil til Circle K

text_format
I 2010 starta Statoil ein prosess for å kvitte seg med alle bensinstasjonar i åtte land. Selskapet hadde jobba for å finne sine kjerneområde for denne delen av selskapet, men fann til slutt ut at det ikkje var eit spørsmål om geografi. Bensinstasjonane var ganske enkelt ikkje lenger ein del av Statoil si kjerneverksemd.
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Statoilstasjonen på Forus blir til Circle K. Foto: Shadé B. Martins/Norsk Oljemuseum

«Vi har flere stasjoner enn Starbucks har kaffebarer. Vi har 15.000[REMOVE]Fotnote: Dette talet inkluderte bensinstasjonar i Canada, USA, Mexico, Japan, Kina, Indonesia, Guam og Europa., de har 11.000 kaffebarer. Omsetningen vår er på 15 milliarder dollar, det er dobbelt så mye som dem.» Dette fortalte Europa-sjef for det som enn så lenge bar namnet Statoil Fuel & Retail (SFR), Jacob Schram, til dei 3000 tilsette som i januar 2016 var samla på Telenor Arena for å lansere det nye namnet til bensinstasjonskjeden som i Noreg i over 20 år hadde hatt namnet Statoil.[REMOVE]Fotnote: https://e24.no/privatoekonomi/i/4daAMa/bensin-statoil-doepes-om-til-circle-k Lasta ned 12. januar 2022.

Statoil hadde fram til 2010 dotterselskap i Polen, Latvia, Litauen, Estland og Russland. Dotterselskapa i Noreg, Sverige og Danmark hadde sidan 1996 blitt styrt som eitt selskap, eit slags Statoil Skandinavia.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 1996, s. 28. Felles for alle desse selskapa var at dei marknadsførte og distribuerte oljeprodukt, særleg diesel og bensin. Dette blei hovudsakleg gjort gjennom dei, som nemnt, mange bensinstasjonane, men òg gjennom sal av drivstoff til fly og båt. I 2010 blei dotterselskapa slått saman til Statoil Fuel & Retail og same år blei selskapet børsnotert.

Kva var bakgrunnen for at SFR blei etablert og børsnotert? Og kvifor slutta Statoil heilt med bensinstasjonar i 2012?

Ikkje lenger kjerneverksemd

«Energi- og detaljvirksomheten har andre drivere for verdiskapning sammenlignet med Statoils kjernevirksomhet» skriv Equinor på sine heimesider om salet av SFR til kanadiske Alimentation Couche-Tard. Equinor skriv vidare at dette var bakgrunnen for at SFR blei oppretta i 2010 og at selskapet blei børsnotert.[REMOVE]Fotnote: https://www.equinor.com/no/news/archive/2012/04/18/18April12StatoilAcceptsBid.html  Lasta ned 16. mars 2022.

Faktorane som gjorde at selskapet tente pengar innanfor olje- og gassproduksjon var ikkje dei same innanfor sal av oljeprodukt. Konsernsjef Helge Lund meinte det var betre for dei to selskapa å fungere kvar for seg, utan at han forklarer kvifor.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Børsnoterer bensinstasjoner» (Jakob Schultz), 3. september 2010. Nasjonalbiblioteket. Det er samtidig nærliggande å tenke at økonomi og ein endra tanke om kva kjerneverksemda til selskapet skulle vere, speler ei rolle.

I Europa var det i 2010 drygt 2000 bensinstasjonar, frå 19 i Russland til over 800 i Sverige. Desse blei i 2012 ein del av Couche-Tard, og endra i 2016 namn til Circle K.

Då Statoil i 1997 og 2006 selte marknadsføringsverksemda i høvesvis Tyskland og Irland var argumentet todelt. I Tyskland tente selskapet for lite pengar og det var for vanskeleg å utvide verksemda. Statoil Irland gjekk derimot bra og grunngjevinga for å gå ut av den irske marknaden blei sagt å vere av ein strategisk karakter. Eit felles argument er at Statoil i begge tilfella ville bruke både kompetanse og økonomiske ressursar andre stadar, i Baltikum, Polen og Skandinavia. Innanfor detaljmarknadsføring kan desse landa seiast å vere Statoil sitt kjerneområde.

I 2012 hjelpte det lite at landa var innanfor eit kjerneområde, Statoil såg, som vi ser ovanfor på selskapet sine tankar om børsnoteringa, ikkje lenger sal av oljeprodukt som ein del av «Statoils kjernevirksomhet».

Statoil brukte då ord som «milepæl i Statoils strategiske utvikling» og viser til eit ynskje om å frigjere kapital, straumlinjeforme eigen portefølje og ytterlegare fokusere på å vere eit «teknologi-fokusert oppstrøms energiselskap». Sagt på ein annan måte ville Statoil framover ha fokus på oljeproduksjon, og la andre selskap ta seg av sal av oljeprodukt på detaljistnivå.[REMOVE]Fotnote: https://www.equinor.com/no/news/archive/2012/04/18/18April12StatoilAcceptsBid.html Lasta ned 16. mars 2022.

I 1970-åra hadde Statoil hatt som eitt av fleire mål å bli eit fullt integrert oljeselskap, som gjorde alt frå leiting etter olje til å selje bensin og diesel direkte til forbrukaren. Gjennom 1980- og 90-åra og ut på 2000-talet hadde Statoil satsa på dette både i Noreg, Skandinavia og andre land i Europa, både ved å bygge opp nye selskap, men òg ved å kjøpe opp bensinstasjonar frå andre selskap.

SFR haldt fram med å gjere endringar og det haldt fram med å satse etter børsnoteringa i 2010.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Planlegger gigantsalg» (Jakob Schultz), 9. februar 2011. Nasjonalbiblioteket. Sjølv om SFR-aksjane varierte i verdi, gjekk dei stort sett bra og blei rekna som gode investeringar. Då selskapet blei selt i 2012 hadde det eit høgare overskot enn det hadde hatt i same periode året før.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Schibsted er favoritten» (Andreas Nyheim), 2. januar 2012. Nasjonalbiblioteket. Dagens Næringsliv, «Selger gigant, kjøper smått» (Andreas Nyheim), 21. februar 2012. Nasjonalbiblioteket. Dagens Næringsliv, «Bensinsalg ga milliardgevinst» (Anita Hoemsnes), 27. juli 2012. Nasjonalbiblioteket.

Statoil valte likevel å selje aksjane sine i selskapet, og det same gjorde etter kvart òg dei mindre aksjonærane i SFR. Forbundsleiar i IndustriEnergi, Leif Sande, var kritisk til salet. Han støtta tanken om eit fullt integrert oljeselskap og meinte at Statoil på den måten fekk fleire bein å stå på, noko som, etter hans meining, gav større støtte og fleksibilitet og med det større tryggleik for dei tilsette.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Svært skuffet» (Arne Grande), 19. april 2012. Nasjonalbiblioteket.

Statoil si leiing var altså ikkje einig. I staden for fleire bein ynskte dei å konsentrere verksemda. Statoil Fuel & Retail blei i 2012 selt for 16 milliardar kroner. 8,6 milliardar av desse gjekk til Statoil. Etter skatt sat selskapet igjen med 5,8 milliardar kroner.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Avtale setter stopper for budkamp» (Morten Bertelsen, Espen Linderud og Kjetil Sæter), 19. april 2012. Nasjonalbiblioteket. Og Dagens Næringsliv, «Bensinsalg ga milliardgevinst» (Anita Hoemsnes), 27. juli 2012. Nasjonalbiblioteket. Ifølgje finansdirektør i Statoil, Torgrim Reiten, ville Statoil bruke desse pengane til å investere i oljeproduksjon.[REMOVE]Fotnote: Dagens Næringsliv, «Avtale setter stopper for budkamp» (Morten Bertelsen, Espen Linderud og Kjetil Sæter), 19. april 2012. Nasjonalbiblioteket.

Namnebyte

I 2016 sat altså 3000 menneske som enn så lenge selte bensin og pølser under Statoil-logoen, samla på Telenor Arena for å lansere eit namnebyte. Det nye namnet skulle vere Circle K. Namnet skulle ikkje berre brukast på dei tidlegare SFR-stasjonane, men òg på dei godt og vel 10 000 stasjonane som Couche-Tard eigde frå før.

Couche-Tard ville ikkje ut med kor dyrt namnebyte ville bli, men det spelte for så vidt ikkje så stor rolle. Selskapet hadde uansett ikkje lov til å bruke Statoil-namnet etter 30. september 2019.[REMOVE]Fotnote: https://e24.no/privatoekonomi/i/4daAMa/bensin-statoil-doepes-om-til-circle-k  Lasta ned 12. januar 2022.

Statoil-stasjonane var historie, og med det hadde òg Statoil si historie endra seg.

 

 

 

 

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *