Baltikum og Polen – ein del av kjerneområdet

text_format
Statoil var ei synleg merkevare langs vegane i Baltikum og Polen. I 1996 hadde Statoil rett over 80 bensinstasjonar i området. Berre 14 år etterpå, i 2010, hadde talet vakse til nærmare 500 stasjonar.
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Bensinstasjon i Warszawa, Polen. Foto: Leif Berge/Equinor

«First we take Skandinavia…» Med denne mellomtittelen avslutta eg artikkelen om då Statoil gjekk inn i bensinstasjonsmarknaden i Sverige og Danmark. Her hadde det vore naturleg å halde fram med: «then we take Baltikum and Polen». I tillegg til Skandinavia blei dei fire landa Estland, Latvia, Litauen og Polen tidleg definert som Statoil sitt kjerneområde for sal av raffinerte oljeprodukt.

Statoil etablerte seg i dei fire landa kort tid etter at Sovjetunionen blei oppløyst, faktisk etablerte Statoil kontor i Estland allereie i 1991.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2003, s. 6. I 1992 opna den fyrste bensinstasjon i landet. I 1993 bygde Statoil sine fyrste stasjonar i Latvia og Polen og i 1994 opna dei fyrste stasjonane i Litauen.

Litt flåsete sagt så kom Statoil til dei fire tidlegare østblokklanda med ei bensinpumpe i den eine handa og eit neonskilt i den andre handa, kjøpte opp tomter og starta bensinstasjonar.

Meir formelt blei det etablert dotterselskap i kvart av landa, slik som modellen òg var i Skandinavia. Dotterselskapa eigde alle stasjonane og tilsette medarbeidarane. Det var økonomisk og ressursmessig krevjande dei fyrste åra, men det at det blei gjort på denne måten, framfor franchiseavtalar, er noko av nøkkelen bak suksessen i Baltikum, hevda leiaren for Eesti Statoil, Epp Kiviaed, i 2003.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2003, s. 6.

Ein veksande suksess

Ein annan grunn til Statoil sin suksess i området er at selskapet etablerte seg så tidleg i Baltikum.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2003, s. 6. I løpet av 1994 etablerte Statoil 23 nye stasjonar i Austersjøområdet.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 1994, s. 32. Eitt år etterpå var 55 nye stasjonar etablert i Tyskland[REMOVE]Fotnote: Bensinstasjonane i Tyskland blei selt i 1997. Les meir i «Frå Russland til Irland – bensinstasjonar i aust og vest»., Polen og Baltikum.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 1995, s. 26. Og i 1997 hadde Statoil 65 stasjonar i drift i Polen og omkring 60 stasjonar i Baltikum.

Åpningen av Statoil-bensinstasjon i Murmansk. Foto: Leif Berge/Equinor

I 2002 kjøpte Statoil 79 bensinstasjonar i Polen frå svenske Preem, og fekk med det over 200 stasjonar i Polen. Same året blei 61 Shell-stasjonar overdratt til selskapa i Estland, Latvia og Litauen. Med det var det no over 150 Statoil-stasjonar i Baltikum.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2002, s. 32. Og Statoil, årsrapport, 2003, s. 31.

I 2003 var Statoil den største drivstoffseljaren i Estland og Latvia, og blant dei 10-12 største føretaka i landet. I Litauen var Statoil nummer to i kampen om kundane. Statoil tente gode pengar på sine 156 bensinstasjonar i dei tre landa.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2003, s. 6.

Frå etableringa av Statoil i Baltikum og Polen på 1990-talet og fram til eit stykke ut på 2010-talet kunne innbyggarane i dei fire landa kjøpe diesel og bensin frå stadig fleire bensinstasjonar med Statoil-logo.

Som grafen under viser var det jamt over vekst i talet på stasjonar. Det var berre i Polen at talet gjekk noko ned frå 2003 til 2005. Det skuldast mest sannsynleg Statoil sitt oppkjøp av svenske Preem i 2003. Sannsynlegvis var det nokon av dei gamle Preem-stasjonane som låg så nære Statoil-stasjonar at det var naturleg at éin av dei blei lagt ned. Det same blei gjort i Noreg då Norol blei oppretta.

Veksten i Polen og Baltikum viser at Statoil-stasjonane her låg godt innanfor Statoil sitt kjerneområde. Det same kan ikkje seiast om Statoil i Russland.

Forlenga forsyningskjede og dårlege konkurransevilkår

Statoil opna sin fyrste bensinstasjon i Russland i 1993, same år som dei fyrste stasjonane blei etablert i Polen og Latvia.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 1993, s. 53. I 2001 hadde talet vakse til fem stasjonar og i 2003 hadde Statoil fått éin stasjon til, alle innanfor Murmansk-området.[REMOVE]Fotnote: Statoil, årsrapport, 2001, s. 21. Og Statoil, årsrapport, 2003, s. 31. Frå 2003 til 2010 auka talet med 13 stasjonar, slik at det endelege talet var 19 stasjonar. Framleis var dei fleste (9) i Murmansk-regionen, tre av stasjonane låg i St. Petersburg-regionen medan dei sju siste låg i Pskov-regionen, på grensa til Estland og Latvia.[REMOVE]Fotnote: https://web.archive.org/web/20101214043711/http://www.statoilfuelretail.com/en/Ouroperations/Pages/default.aspx  Lasta ned 20. juli 2021.

Njål Gjedrem var Statoil-sjef i Russland på slutten av 1990-talet. Han fortel at bakgrunnen for at Statoil etablerte seg i Russland var samansett. Statoil såg at British Petroleum (BP) hadde stasjonar i Moskva og tente godt på desse. Hovudgrunnen var likevel at dei russiske områda som Statoil etablerte seg i låg nær Statoil sine forsyningskjeder i høvesvis Nord-Noreg (Murmansk) og Sverige (vest i Russland).

Ekspedering ved bensinstasjonen i Riga. Foto: Øyvind Hagen/Equinor

Gjedrem forklarer vidare at det var lokale problem som var bakgrunnen for at Statoil ikkje ekspanderte på same måte i Russland som selskapet gjorde i Baltikum og Polen: «Lokale myndigheiter hadde ein tendens til å væra dominert av sterke næringsinteresser som ikkje var interessert i konkurranse.» Sterke næringsinteresser i lokalmiljøet var ganske enkelt ikkje interessert i konkurranse frå selskap som Statoil.[REMOVE]Fotnote: Statoil-sjef i Russland på 1990-talet, Njål Gjedrem, i korrespondanse med Julia Stangeland i april 2022.

Eit avslutta kapittel

Statoil sine dotterselskap, med Statoil-styret si velsigning, fekk rom til å vekse i Baltikum og Polen.[REMOVE]Fotnote: Styremøte i Statoil, 2. februar 1995. Det blei etablert mange stasjonar og Statoil fekk ein stadig større del av marknadsdelen innanfor energi- og detaljhandel.

Statoil sine austeuropeiske dotterselskap haldt fram med å vekse. Talet på bensinstasjonar vaks, både ved at det blei etablert nye stasjonar og gjennom oppkjøp av andre selskap.

I 2010 blei Statoil sine europeiske bensinstasjonar samla til eitt selskap, Statoil Fuel & Retail (SFR). To år seinare blei selskapet selt til det kanadiske selskapet Alimentation Couche-Tard, og i 2016 blei merkevara endra frå Statoil til Circle K.

Fotnoter

    close Lukk

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *