Likestilling og mangfold i EquinorWest Vanguard-ulykken

Statoil går inn i Skandinavia

text_format
På 1980-talet var Statoil i ferd med å få tilgang til mykje olje, olje som kunne raffinerast på det snart heilt ferdig utvida Mongstad-raffineriet. Kven skulle kjøpe desse oljeprodukta?
Av Julia Stangeland, Norsk Oljemuseum
- Arve Johnsen under flaggheisinga i i Stenungsund, Sverige. Foto: Leif Berge/Equinor

Allereie i 1984 då Stortinget handsama utvidinga av Mongstad-raffineriet, blei det nemnt av fleire politikarar at det burde vurderast om Statoil skulle satse på distribusjon i utlandet. Mange peika på at Statoil måtte kome opp med konkrete forslag. Eit knapt år seinare blei Sverige lansert som eit aktuelt land.

Den 20. juni 1985 vedtok Stortinget at Statoil kunne kjøpe Esso Invest AB[REMOVE]Fotnote: AB står for aksjebolag, tilsvarande aksjeselskap. Sverige, eit dotterselskap eigd av Exxon Corporation USA. Kjøpet inkludert Svenska Esso AB som var eit marknadsføringsapparat for raffinert oljeprodukt samt ein etylenfabrikk utanfor Stenungsund.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoils kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 8. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1984-85&paid=2&wid=b&psid=DIVL920

Statoils konsernsjef Arve Johnsen saman med Gustav Gradin, sjefen for Esso sin oljedivisjon i Stockholm. Foto: Equinor

Ganske nøyaktig eitt år seinare, den 18. juni 1986, vedtok Stortinget at Statoil kunne få gjennomføre eit liknande kjøp, denne gongen gjaldt det Exxon sin marknadsretta oljeverksemd i Danmark. Gjennom dette kjøpet ville Statoil få distribusjons- og marknadsføringsapparat – bensinstasjonar – i Danmark og eit raffineri ved Kalundborg på Sjælland.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 1. https://stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1985-86&paid=2&wid=b&psid=DIVL690

Integrering og pengar på bok

Det var ei klar oppfatning i samtida at det som gav mest gevinst var å vere eit integrert oljeselskap, altså eit selskap som gjorde alt frå å leite etter olje til å selje raffinerte oljeprodukt. Selskapet ville då kunne ta ut forteneste der marknaden til ein kvar tid var mest lønsam.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoil kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 7 og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 5.

Vidare var det størst forteneste på sal av lette oljeprodukt. Det fanst inga erstatning for diesel og bensin, medan dei tyngre oljeprodukta, som fyringsolje, stadig blei fasa ut til fordel for andre oppvarmingskjelder, som til dømes elektrisk oppvarming.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoils kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 3 og 16. Og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 3

Tilgangen på råolje som kunne raffinerast ville auke i takt med utbygginga av stadig fleire oljefelt. For å få omgjort desse verdiane til «pengar på bok» måtte oljeprodukta naturlegvis seljast. Den norske marknaden var metta. Statoil meinte altså at løysinga var å selje produkta sine i utlandet.

First we take Skandinavia…

Som i tilfellet med kjøpet av dei stasjonane som raskt endra namn til Norol, ville det vere mest hensiktsmessig å kjøpe allereie eksisterande distribusjons- og marknadsføringsselskap. Det ville vere betre enn at Statoil skulle bygge opp eit eige, nytt selskap i ein pressa marknad.[REMOVE]Fotnote: Stortingsforhandlingar 1. juni 1984, s. 4295 og 4307. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=7&wid=a&psid=DIVL647&pgid=c_1047

Sverige peika seg ut. Sjølv om Svenska Esso berre hadde 9 prosent av den svenske marknaden, stod Sverige i Skandinavia for heile 55 prosent av bensinforbruket. Danmark var òg eit bra land å satse i. Danmark stod for 24 prosent av det skandinaviske bensinforbruket og Dansk Esso hadde ein marknadsdel på 20 prosent i landet.

I tillegg til moglegheitene for å få avsetnad på oljeprodukta fanst det fleire fordelar. Marknadsførings- og distribusjonsselskapa i både Sverige og Danmark var godt utbygde. Dei låg meir sentralt enn stasjonane som blei Norol i Noreg, og dei hadde, ifølgje Statoil, god forteneste, sjølv om det òg ville vere mogleg med ytterlegare rasjonalisering.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoil kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 13 – 14 og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 9.

Vidare var det til Statoil sin fordel at den skandinaviske marknaden reint geografisk låg noko skjerma. Medan dette hadde ført til lang transportveg for Exxon, var det for Statoil eit konkurransefortrinn i forhold til oljeselskapa med lang reiseveg.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 111 (1984-85) Om Statoil kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 4 og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 3 og 19.

Statoils teststasjon i Stockholm. Foto: Equinor

Det godt utbygde distribusjonssystemet og den korte transportvegen var med på å gjere kjøpa lønsame, meinte Statoil. For dei norske politikarane var dette viktig. Det var ikkje nok at kjøpa sikra avsetnad av norske oljeprodukt. Statoil skulle òg tene pengar.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 319 (1984-85) Innstilling frå energi- og industrikomiteen om Statoils kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 2 https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1984-85&paid=6&wid=aI&psid=DIVL2349 Og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 4.

Med på kjøpa fekk Statoil òg altså ein etylenfabrikk i Sverige og eit raffineri i Kalundborg. Exxon hadde forplikta seg til å gje Statoil nødvendig opplæring, noko som tydde at det relativt unge oljeselskapet ville få utvida sin kunnskapshorisont.

Danmark var nesten unikt i Nordvest-Europa fordi det hadde underskot av raffineringskapasitet.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 319 (1984-85) Innstilling frå energi- og industrikomiteen om Statoils kjøp av Esso Invest AB i Sverige, s. 2 https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1984-85&paid=6&wid=aI&psid=DIVL2349 Og St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 4. Statoil såg for seg eit samarbeid mellom raffineria på Mongstad og Kalundborg.[REMOVE]Fotnote: St.prp. nr. 87 (1985-86) Om Statoils kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas AB, s. 7 – 8.

For Statoil var steget ut i Skandinavia fyrste stopp på veg ut i Europa. Statoil håpa at tilgangen til den danske marknaden òg ville opne opp for vidare europeisk eksport av så vel råolje som råoljeprodukt.[REMOVE]Fotnote: Innst. S. nr. 237 (1985-86) Innstilling fra energi- og industrikomiteen om Statoil kjøp av Dansk Esso A/S og aksjer i Swedegas A.B., s. 3. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1985-86&paid=6&wid=aI&psid=DIVL1693 Statoil hadde nå «tatt» Skandinavia. Kva land dei skulle gå inn i seinare var meir usikkert, men at Skandinavia var eit godt fyrste steg var både Statoil og dei fleste norske stortingspolitikarane samde om.

Fotnoter

    close Lukk